Tore Tveito

Klubbkveld i VSOT

Det blir klubbkveld i arenahuset i Voss Ski og Tursenter onsdag 26 sep. frå kl 18.00.

  • Det blir prøving og bestilling av sko frå Fischer, Rossignol og Alpina.
  • Prøving og bestilling av VL klede. Langrennsdressar, jakker, bukser mm.

Vel møtt!

Samlingar arrangert av Vossalangrenn

Planlagte samlingar framover:

• Samling i VSOT for 13-16 år, 28.-30. sept.

• Juniorsamling i VSOT 26.-28. okt.

Meir info kjem når det nærmar seg.

I tillegg vert det jobba med snøsamlinga for 13-16 år. Kjem tilbake med dato og stad her når dette er avklara.

Hindartveit Opp

Vossalangrenn i samarbeid med Voss Gymnas inviterar til testløpet Hindartveit Opp torsdag 21.06

Alder: frå 15 år og eldre (årsklassen du er i neste sesong)

Oppmøte: Bordalsgjele kl 18.30 for påmelding. Start løp kl 19.00.

Start gutar: Parkeringsplass Bordalsgjele

Start jenter: Der grusvegen kjem inn på asfaltvegen til Hjelle.

Mål alle: Hindartveit

Kjøp av joggesko på Endeve Sport

Frå onsdag 2. mai til laurdag 5 mai får me 25% rabatt på joggesko på Endeve. Merker som Asics, Salomon, Altra running, Inov8.
Avtalen er at me får køpt sko i butikken desse dagane, altså ingen fellesbestilling eller venting på sko denne gongen.
Videre kjem:
 – Fyrste del av mai blir det fellesbestilling av rulleski, hjul, piggar, hjelmar, og rulleskisko.
–  Siste del av mai blir det fellesbestilling av ski.

Prøv nye ski og sko frå Rossignol

I anledning NM i skiskyting kjem Rossignol til Voss. Her blir det muligheiter til å prøve nesteårs ski og sko på snø. Det er avtalt med Øyvind Mobakken på Rossignol at Vossalangrenn og Voss Gymnas Toppidrett kan prøve ski og sko frå kl 17.30 i morgon torsdag.

Håpar nokon av dekan har muligheit til å benytte seg av dette ekstratilbudet.
Bestilling av ski blir som normalt i mai/juni.