Geilosamlinga 1.12-3.12 for 13-16 år

Då er det klart for påmelding til skisamlinga på Geilo fredag 1.desember til søndag 3.desember for Vossalangrenn 13 – 16 år.



Målet med samlinga er at vi skal trene mengder på ski i begge stilartar, øve teknikk, fart og ha det sosialt i lag. Mobil og PC/nettbrett vert igjen heime. Detaljert program for samlinga vert sendt ut når det nærmer seg.
Viktig! Me har bestilt overnatting på Øen camping, der bur me i hytter. For å avklare tal hytter, samt bestille togbillettar, vert det bindande påmelding til: amlangeland@hotmail.com innan 13.november 2017 kl.1200. Skriv opp navn på deltakar(arar).
Avreise vert frå Voss stasjon fredag kl. 09.07 med retur sundag(kjem tilbake til tidspunkt for retur) til Voss stasjon. Det er viktig at nokre for foreldre vert med. Gje melding om dette ved påmelding.
For dei av dykk som er påmeldt rekruttsamlinga til Voss Gymnas treng de ikkje senda påmelding. Dei reiser frå Voss fredag kl. 17.11. Søndag blir dei henta på Øen Camping etter endt samling med Vossalangrenn, og frakta vidare til rekruttsamlinga. Spørsmål om denne samlinga må rettast til Arnstein, Unni, eller Anne Maria.
Betaling: Løparar som kun skal delta på Vossalangrenn si samling(fredag til søndag) betaler 1500 kr til kontonummer: 3480.11.96561
Løparane som skal vera med på Rekruttsamlinga har alt betalt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *